Om oss

 

 

Vi held til på ein gammal  gard på Syvdsneset  ved Rovdestranda i Vanylven kommune i Møre og Romsdal fylke.   Syvdsneset er ein stad med mykje vær og mange tynnaknutar der  fjordar møtes.

 

 

Garden vart restaurert  2008/2009 med tanke på oppstart for tiltaket Inn på tunet. Garden består av løde, våningshus frå 1903, nytt lysthus  samt naust med båt. Det er i dag økologisk drift på garden  med høner og sau. Garden vert driven med mindre traktor, men i hovudsak på gamalt vis. Garden ligg i vakker natur på neset  der tre fjordar kryssar kvarandre, Rovdefjorden, Syvdsfjorden og  Åramsundet.

Hildegunn Knardal er utdanna sosionom ved NKSH 1992, har lang  erfaring i arbeid med barn og familiar.  Drivar bur i nabohuset med eiga familie, sambuar og tre barn.

Per Arne Riksheim og Hildegunn er sambuarar og samarbeider på Tynnaknuten. Per Arne er skipsteiknar, i fritida er han glad i aktivitetar som innvolverar musikk, han spelar ulike instrument og gjer det så ofte han kan.

 

Tynnaknuten er ein omsorgsgard.

 

Garden  har kort avstand til  bygdene Velsvik, Lauvstad, Dalsfjord på den eine sida og Syvde, Eidså, Fiskåbygd ,Åram , Åheim. Det er bussforbindelse ved opning og avslutning av tiltaket både mot Syvde og Lauvstad.