GAMAL OG NY HISTORIE

Slik var det kanskje husa og folk i Knardalen såg ut i vikingtida, ein illustrasjon av Knut Ivar Johansen i samband med arkeologiske utgravingar  i Knardalen av Lars Erik Narmo i 1994.

Hildegunn tok over slektsgarden på odel i 2015, før dette var garden driven av  familien sidan 1600 tallet. Mor hennar Halldis Knardal dreiv garden, generasjonen før var det  bestemor Ragnhild Knardal og bestefar Jakob Knardal som dreiv garden. Bestefar hadde mykje omsorg for eple og plomme produksjon på garden og vi har enno stor jordkjellar som vi lagra epla i tidlegare. 

Garden, hus og heim har i hovudsak vore driven av kvinner medan mennene har hatt arbeidet sitt på sjøen eller som smedar av ulike slag.  Torstein Knarresmed, som  truleg var frå garden, gav banesår til Olav den Heilage. (Snorre)

Far til Hildegunn,  Petter dreiv  ilag med slekt og vener Rovde sandfrakt og  seinare Rovde Shipping.  Sambuaren til Hildegunn, Per Arne Riksheim var tidlegare sjømann, i dag har han arbeid med å planlegge framtida sine skip på Ulstein Design A/S.

I Knardalen var det tidlegare bygd knarreskip fortel historiebøkene. Vi har dyrka eple i Norge sidan vikingetida og kanskje var det eple i Knardalen også i vikingetida?

Vi  som driv  Knardal Økologiske gard  i dag er Hildegunn Knardal og Per Arne Riksheim ilag med barna som no er voksne Christoffer og Daniel og Nora Petrin som enno bur heime. Hildegunn er utdanna sosionom med vidareutdanning i barnevern, seinare utdanna ho seg som økologisk agronom på Sogn Jord - og Hagebruksskule i Aurland.