Økologisk bringebær

I slutten av juli og heile august  har vi nyplukka bringebær.

Open gardsbutikk heile august -  alle dagar  også  i helgane -mellom 10.00 og 14.00, ta kontakt på telefon 97633695 for salg utanom opningstida.

 Vi har økologiske bringebær av sorten Veten til saft eller sylte.  Glen Ample er dessertbær og vert seld frå gardsbutikken i kasser på 6 kg. 

Gardsbutikken vår finn du skilta mot Rovde havn, ta så til høgre når du kjem ned til sjøen.

Frosne økologiske bringebær

Vi har  singelfrosne økologiske  bringebær i pakkar på 6 kg resten av året, så langt lageret held.

Økologisk eple:

I 2015 planta vi 10 daa med epler som vi  sel frå garden.

  • Discovery er eit populært eple som du også  kan finne i butikken
  • Nanna er eit tidleg eple spennande og saftig
  • Aroma bær navnet sitt med rette

Økologiske plomme.

Vi har planta to dekar med økologiske plomme av sorten Opal og Mallard. Mallard er ei raudfiolett fast plomme, søt med god etekvalitet. Opal er ei raudfiolett plomme, søt og saftig.

Økologisk gard.

Knardal økologiske gard har produksjon av turrhøy og fòr til alpakka og gris.

Alpakka  og gris går ute på beite heile året. Alpakka er rolege dyr som er lette å handtere. Grisane jobbar med jordbearbeiding og er trottige og nyfikne. Stikk gjerne oppom tunet for å ta ein kikk på dei om du reiser forbi. 

 

 Glen Ample på kjøle

Glen Ample på kjøle